Fredag
Kl 1900: Opningskonsert, FMKV, dir: Christian Lindberg. Ole-Henrik Mohn Pettersen, saksofon.
Kl 2100: Manger Musikklag, dir: Michael Antrobus
Kl 2215: Microtub - Improviserande tubaduo og elektronikk
Les mer om fredagens program her
Laurdag
Kontakt
Bekjemp spam!
BrassWind 2011!
Manger Musikklag inviterer med dette til BrassWind-festivalen 2011, den åttande i rekkja sidan oppstarten i 2004!
BrassWind er ein årleg festival for ny musikk for blåsere og slagverk der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Mange nye norske verk får og har fått si førsteoppføring under festivalen. BrassWind vart første gong arrangert i Teatergarasjen i Bergen i Oktober 2004, og var ein stor suksess.
Manger Musikklag sitt arbeide med ny musikk dei siste 25 åra var ein viktig kompetanse da laget saman med komponist Torstein Aagaard-Nilsen starta arbeidet med festivalen. MML har ein tingings-politikk som passar festivalprofilen perfekt, og det er difor heilt naturleg at dei teknisk sett både eig og gjennomfører BrassWind.
BrassWind 2011 inneheldt eit nytt element: komponeringsverkstad. Eit skulekorps skal komponere eit eige verk, og studentar frå Griegakademiet skal skrive korte verk for den merkelege gruppa Bottom End Quartet, der besetninga er bassklarinett, basstrombone, tuba og perkusjon.
Fleire urframføringar i år også, samt ein ny spanande stemme frå Wales: Paul McGhee som skriv fargerikt og personleg for brass band.
Men den store stjerna i år vert nok Christian Lindberg, ein av verdas beste trombonistar som dei siste år har vorte dirigent med oppdrag over heile verda. Komponist er han óg, og tek med seg ein rykande fersk saxofonkonsert for urframføring. Aldri har vel omgrepet "verdspremiere" passa betre!

