Fredag

Johanneskirken
Kl 1930: Opningskonsert, Manger Musikklag, dir: Peter Szilvay. David Thornton, euphonium. Kammerkoret Sankta Sunniva, dir: Tore Kloster
Kl 2100: Bergen Nye Trombonekvartett

Les mer om fredagens program her

Laurdag

Kontakt

Henvendelsar til Brasswind:

Torstein
Aagaard-Nilsen

(kunstnarisk ansvarleg)
E-post
Mobil: +47 404 65 005

Magnus Midtgård
(festivalansvarleg)
E-post
Mobil: +47 40222087

Bekjemp spam!

Om BrassWind

BrassWind er ein årleg festival for ny musikk for blåsere og slagverk der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Mange nye norske verk får sin førsteoppføring her. BrassWind vart første gong arrangert i Teatergarasjen i Bergen i Oktober 2004, og var ein stor suksess.

 

Manger Musikklag sitt arbeide med ny musikk dei siste 25 åra var ein viktig kompetanse da laget saman med komponist Torstein Aagaard-Nilsen starta arbeidet med festivalen. MML har ein tingings-politikk som passer festivalprofilen perfekt. Det er derfor heilt naturleg at dei teknisk sett både eig og gjennomfører BrassWind.

 

BrassWind har som intensjon og auke interessen for originalskriven korpsmusikk frå vår eigen tid, og å stimulere komponistar til å skrive ny musikk for korpsmediet. Hovudvekt skal vere på norsk samtidsmusikk, der halvparten av festivalrepertoaret skal vere verk av norske komponistar. Festivalen skal vere ein arena der ein kan teste ut ny musikk og større verk for brass- og windband. Dei siste 15- 20 åra har dei fremste musikkorpsa i Noreg oppnådd eit profesjonelt musikalsk nivå. Norske amatørmusikarar er nyfikne og opne for nytt og spanande repertoare. Medan ein i utlandet ser ein tendens til ein resirkulering av gammalt konsertrepertoare, blir det norske korpsmiljøet sett på som lite konservativt i så måte.

 

Dette har resultert i stadig nye, originalskrivne musikkverk for korps og ei auka interesse for samtidsmusikk generelt og korps spesielt. BrassWind festivalen vart difor tatt i mot med opne armar av ei samla korpsrørsle. Av Norges Musikkorps Forbund er festivalen omtalt som kanskje den viktigaste nyskapinga i korps-Noreg nokonsinne.