Takk for i år!

Nok ei utgåve av BrassWind i Åsane kulturhus er over, og for ei helg det har vore. Festivalen starta tradisjon tru med konsert med Sjøforsvarets Musikkorps. Her kunne ein mellom anna høyre musikk av Knut Vaage og Svein Henrik Giske. På laurdag starta Obsidian Spontaneous Music Ensemble dagen med ein konsert der ein både eit verk av Craig Farr og ikkje minst verket “Salt” av Kathrine Bauck, der festivalartist Hilse Marie Holsen var solist på trompet. I år var det Manger Musikklag, eigar av festivalen, som avslutta laurdagen med ein konsert med heile to uframføringar: “Endring i landskap” skrive av Hilde Marie Holsen, som og var solist på stykket. I tillegg fekk ein høyre “Liminal” som er skrive at vinnar av #LydenAvUnge-stipendet, Jørgen Hernborg som har jobba tett med Torstein Aagaard-Nilsen for å skrive verket det siste året. På sundagen var det duka for tre nye konsertar; Grethe Tonheim med vener frå BIT20 og Griegakademiet, Clinic med Hilde Marie Holsen og heilt til slutt konsert med Midtun Skoles Musikkorps.
Det er fleire som har vore med på å gjere denne festivalen mogleg. Me vil gjerne takke Kulturrådet, Sparebanken Norge, Alver kommune, Frifond NMF, Bergen kommune, Fana Sparebank og Vestland fylke for stønad til festivalen. Me vil og rette ei stor takk til Kulturoperatørene, Tore Morken, Komponistforeningen, Avgarde, Bit20 og Griegakademiet for hjelp med å få gjennomført årets festival.
Å drive BrassWind-festivalen krev og ein heil del menneske som vel å bruke av tida si. Tusen takk til Craig Farr, kunstnarleg leiar, for nok eit år med kreative idear og ein tydeleg visjon for kva festivalen skal vere. Takk til komiteen som har jobba med festivalen gjennom året, og ein ekstra takk til Marianne Bratshaug Gjertsen som brukar mykje av si tid på at alle detaljar skal falle på plass. Takk til Manger Musikklag, som både speler og jobbar dugnad for å få festivalen til å verte ein arena for nyskrive musikk for ulike ensemble i dag.
Festivalen har no vore til i ei årrekkje og nærmar seg no 200 urframføringar. Festivalen og eiar av festivalen ser på det som ei viktig oppgåve å skape ei scene for nyskrive musikk; både komponistar og utøvarar må få ein plass til å skape nye verk og til å teste grensar for at me skal få ny musikk for alle ensemble. Me trur festivalen speler ei heilt uvurderleg rolle i nettopp dette, og at ein klarar å halde fram med denne jobben i mange år til. Torstein Aagaard-Nilsen, som har spelt ei viktig rolle i å starte og drive festivalen i mange år, er igjen valt ut som komponist av årets pliktstykke i NM brass. Me tenkjer at BrassWind er ein festival som kan vere med å drive fram fleire komponistar som i framtida kan vere med på å få fram nyskrive musikk som vil berike brassrørsla og reportoaret for ulike ensemble.
Velkomne tilbake neste år, 24.-26 september. Me håpar mange set av denne helga, og at alle som er interesserte i at ein skal skrive ny musikk vel å ta turen!


