Eikanger-Bjørsvik Musikklag
Brassband

Eikanger-Bjørsvik har lenge vore eit av dei leiande brassbanda i Europa. Stor spennvidde i repertoar framført med høg musikalsk kvalitet har gjort ensemblet kjend langt utover landegrensene.

Korpset kjem frå Alver kommune, spelar jevnleg konsertar der, men har og ein større konsertserie i Bergen. Dei har ofte bestilt verk for brassband frå både norske og utanlandske komponistar.

Korpset brenn for born og unge, har mykje kontakt med skulekorps, og driv fleire prosjekt for å sikre neste generasjon.