Festivalkunstnar 2026 - Hilde Holsen

Published 18 September 2026
Festivalkunstnar 2026 - Hilde Holsen banner image

Hilde Marie Holsen er ein norsk komponist og musikar som arbeider i
skjæringsfeltet mellom akustisk og elektronisk lyd. Praksisen hennar bygger bru
mellom samtidsmusikk, jazz og eksperimentell musikk, og utvidar trompetens
uttrykksregister gjennom improvisasjon og elektronisk lydbehandling. Ved å
bearbeide trompeten gjennom live-elektronikk skapar ho omsluttande komposisjonar
som kombinerer ein akustisk trompetklang med teksturale og ambient lag av lyd.
Holsen har mellom anna gitt ut tre soloalbum, der ho sjølv står som utøvar,
komponist og produsent: Ediacara (2023), Lazuli (2018) og Ask (2015), alle til gode
kritikkar i både norsk og internasjonal musikkpresse. Som utøvar har Holsen spelt på
ei rekke festivalar og scener i inn- og utland, mellom anna Sonic Acts (NL), Ultima,
Oslojazz, Borealis, Radio France, både som soloartist og saman med musikarar og
grupper som Holsen&Cassiers, Silent Fires, Bilayer, Gro Marie Svidal, Ewa
Jacobsson og Ensemble Contrechamps, Mariam Gviniashvili, Maja S.K. Ratkje,
Ensemble Musikfabrik.


Som komponist har Holsen dei siste åra utmerka seg ved å skrive for kjende,
internasjonale ensemble som Ensemble Contrechamps (CH) og Ensemble
Musikfabrik (DE), med tingingsverk for mellom andre Ultima, Borealis og inaGRM.
Soloalbumet Ediacara vart nominert til «Årets verk 2025» av Norsk
Komponistforening.


For meir info: www.hildeholsen.com

Laurdag 26. september 2026 kl. 16:30

Spelar ho som solist med Ensemble Obsidian på verket “the static weight, holding the quiet” av Craig Farr

Lørdag 26. september 2026 kl. 20:30

Spelar ho saman med Manger Musikklag på henna eige verk “Endring i landskap”.

Søndag 27. september 2026 kl. 14:30

Heldt Hilde Holsen clinic der ho visar korleis ho jobbar og eksperimenterar med lyd, og inviterer andre til å ta med eige instrument og vere med og prøve sjølv.