multiMORF kids
Set 1
Set 2
Set 3
På overflata er «Eternal Tides» ei skildring av eit lite kystsamfunn med sterke handverkstradisjonar innanfor båtbygging. Tradisjonane vert utfordra av framsteget og vik etter ein del friksjon etter kvart plassen for eit meir moderne uttrykk. Usikre tider lurer likevel i bakgrunnen, og etterkvart kjem det tunge skyer på horisonten. Ein storm trugar skipsverftet og lokalsamfunnet, stormen sine øydeleggingar skaper sorg og sakn, men ved å vende attende til meir tradisjonelle verdiar gjenreiser samfunnet seg og når til slutt ein slags triumf. Stykket endar likevel i ein langsam epilog der berre bølgjene og tidevatnet er att.
På eit djupare nivå er verket ei tematisk veksling mellom tradisjon og endring, berekraftig utvikling versus øydelegging, og mennesket sitt forhold til naturen. Dette går og att i den narrative strukturen. Trass den overflatiske, konkrete handlinga har eg freista skape ei emosjonell reise der lyttaren går frå nostalgi og forankring i tradisjonelle verdiar, via friksjon, spenning og framtidsoptimisme i møte med nye moglegheiter, til ei slags erkjenning av farane ved å oversjå dei langsiktige konsekvensane av eins handlingar. Verket kan soleis lyttast til som eit slags symfonisk dikt med ei konkret ytre handling eller som ein metafor for den usikre og høgst anspende tida vi lever i, der berre tidevatnet er att til slutt.