Maestro

Banner image
Sunday, 28 September 2025 at 15:00
Åsane kulturhus
Kultursalen

"Maestro" er eit toårig dirigentutviklingsprogram i regi av Norges Musikkorps Forbund med støtte frå Sparebankstiftelsen DnB. I løpet av det to-årige programmet vil dei to dirigentane som tas opp leia fire samlingar med korps på høgt nivå. Dirigentane tilknytta programmet har fullt musikalsk og kunstnerisk ansvar for prøvar og konsertar i produksjonane under rettleiing av mentor Cathrine Winnes.

Buy tickets

Programme

Fanfare and Choral

Egil Hovland skreiv “Fanfare and Choral” til det amerikanske St. Olaf Band i 1966, då dei skulle på noregsturné. Sidan har det blitt eit standardverk for janitsjarkorps, og Ray Farr har nyleg gjort verket tilgjengeleg for brassbandbesetning.

Elegi

Rolf Wallin skreiv Elegi i 1979 for trompet og orgel til minne om søstera hans, som døde svært ung. Stykket vart framført i gravferda i Lom stavkyrkje, der komponisten sjølv spelte trompet.

Premiere (Norwegian premiere)
Avsked från Vildgässen

Britta Byström skreiv “Avsked från Vildgässen” i sju versjonar for forskjellige

besetningstypar i 2021, etter ei bestilling frå “Nätverket för profesjonell blåsmusik” i Sverige. Dette er versjon 7, som er skriven til Livgardets Dragonmusikkår, det svenske ridande korpset som har kun messing og slagverk i besetningen.

Arabesk

Olav Anton Thommessen skreiv verket “Stabsarabesk” til Forsvarets Stabsmusikkorps i 1974, inspirert av tre gatemusikarar i Kairo som spelte eit hypnotisk ostinat medan ein kvinneleg dansar svaia i takt medan musikken utvikla seg. Ørjan Matre har arrangert verket for brassband, under tittelen “Arabesk”.