Festivalkunstnar 2023 - Nate Wooley

Published 18 September 2023
Festivalkunstnar 2023 - Nate Wooley banner image

I år er vi spent over å ha Nate Wooley som vår eigen festivalkunstnar. I løpet av festivalen skal han spela på ein rekkje konsertar - både åleine, og saman med ulike ensembler.

Nate Wooley er ein amerikansk trompetist, og er ein av dei mest aktive og ettertrakta improviserande instrumentalistane i verda. Nate har vore ein profesjonell trompetist heilt sidan han var 13 år gammal. Med New York som base, er han anerkjend som ein leiande stjerne som utforskar grensene for kva som er fysisk mogleg å oppnå med messinginstrumentet sitt. Han har urframført tallause bestillingsverk frå nyskapande komponistar, og har bidrege til å definere den moderne lyden av trompeten.

Under festivalen får du sjansen til å oppleve Nate og hans utrulege talent på tre ulike tidspunkt:

Fredag 29. september kl. 21:30

Nate spelar saman med Ensemble Obsidian. Konserten er eit samarbeid mellom Avgarde, Obsidian produksjoner og BrassWind. Her skal dei urframføre eit nytt stykke av Craig Farr – «Head-related Transfer Functions». Med utgangspunkt i eksisterende opptak av Nate Wooley sitt fascinerende musikalske univers har komponisten tatt for seg spesifikke fraser, klangflater og sekvenser, og har søkt å forene standard notasjon med improvisasjon og til tider åpen form.

Laurdag 30. september kl. 15:45

Nate spelar sin hovedkonsert. Her skal han blant anna urframføre «Straw», eit stykke av den kanadiske komponisten Martin Arnold. Her presenteres folkesang sett gjennom samtidsmusikalske estetikk og ekstreme, utvidede teknikkar – blant annet med pedaltoner i sub-register og halv-ventilteknikker. «Straw» utfordrar korleis vi betraktar trompetspill og virtuositet.

Sundag 1. oktober kl. 16:30

Nate spelar på Barnas BrassWind, og skal vere solist saman med Bergen Kornettensemble. Saman skal dei urframføre stykket «Lhamo La-tso» av Craig Farr for trompet og kornettensemble. Om verket skriv komponisten "Å lete etter budskap i naturen er inspirasjonen til dette verket for kornettensemblet og har åpen form. Musikken lever sitt eget liv og varigheten er ikke forhåndsbestemt. Musikerne må ta egne valg for å navigere seg gjennom partituret og kan velge å følge hverandre eller gå egne veier. Å musisere på denne måten er uvant for de fleste men kan gi resultater som er uoppnålige med konvensjonelle notasjonsformer."

Vi gler oss til å velkomme Nate Wooley til årets festival!