Vinnar av stipendet #LydenAvUnge 2025

Published 24 January 2025
Vinnar av stipendet #LydenAvUnge 2025 banner image

#LydenAvUnge 2025

Tidlegare i haust utlyste BrassWind stipendet #LydenAvUnge nok ein gong. Her inviterer me ungdom opp til 24 år til å sende inn søknad om å motta eit stipend på 30.000 kr. #LydenAvUnge blei ei stipendordning i 2024, som skal nyttast til å komponere eit musikkstykke for brass band. Verket vil verte framført av Manger under BrassWind-Festivalen 2025. I tillegg tilbyr BrassWind vegledning undervegs av erfarne komponistar, samt høve til å prøve ut enkelte ting med MML i prosessen. Måla med prosjektet er mellom anna å stimulere ungdom til å skrive for brassband, bidra til kreativitet, få fleire unge komponistar fram lyset, få fleire nye stemmer i korpsrørsla og motivere ungdom til å halde fram i korpsmiljøet.

BrassWind har nå gleda av å presentere mottakar av stipendet for 2025 - Arian Pedersen. BrassWind og Manger Musikklag ser fram til å ta fatt på arbeidet fram mot framføringa på festivalen i 2025.

Om stipendmottakar, Arian Pedersen
Eg kjem frå den vetle bygda Vetås på Radøy, og fann musikken i Sæbø Skulemusikklag, kor eg sat på tubarekkja. Eg fekk tidleg ein fascinasjon for både dirigering og komposisjon, kanskje i grunn mest dirigering - men når eg sommaren 2017 prøvde å komponere som eit resultat av brakkesjuke, var lidenskapen funnen. Følgjeleg hoppa eg av elektrofag og starta på musikklinja, midt i semesteret. No ferdigstiller eg ein bachelor i komposisjon, og har dei to siste åra også teke fordjupning i direksjon, no med Rolf Gupta som lærar i begge fag. I løpet av desse åra har eg fått arbeide med mange ulike ensemble på ulike nivå, og denne fascinasjonen eg fann i skulekorpset har etablert seg til å verte ein brennande lidenskap. Eg er også ein av to dirigentar som vart teke ut til Maestro, NMF sitt eliteprogram for unge dirigentar. 

Kvifor valde du å søkje på #LydenAvUnge?
Eg valde å søkje på #LydenAvUnge av to grunnar. Den første grunnen er mentoren i programmet, Torstein Aagaard-Nilsen. Eg og Torstein kjenner kvarandre godt frå før, og eg har alltid sett opp til han (Torstein var faktisk dirigent i Sæbø når eg byrja å spele på kornett!). Når eg gjekk på Manger folkehøgskule i 2020-2021 fekk eg ha timar med Torstein, og då fekk vi anledning til å snakke saman om ikkje berre musikken, men kulturlivet for øvrig og utviklinga i korpsmusikken. Då fekk eg verdifull innsikt i Torstein sine verdiar og kvalitetar; Torstein er ein utruleg allsidig komponist som ikkje er redd for å prøve nye ting, utfordre tradisjonen og gjere ting på sin eigen måte - samtidig som at han etterstreber høgast mogleg kvalitet. Dette er verdiar eg har teke med meg vidare, og som har fått mykje å seie for den musikaren eg er i dag. Det å få arbeide meir saman med Torstein ser eg på som utruleg verdifullt, både på eit musikalsk og eit menneskeleg plan. 

Den andre grunnen til at eg søkte er Manger Musikklag. Ein kan skrive lenge om alt dei har oppnådd av prestasjonar og bragdar nasjonalt og internasjonalt, men alt dette veit ein - for meg er Manger Musikklag noko meir: nemleg ei manifestering av Torstein sine verdiar: allsidigheit, kvalitet, nyskaping og mot. Det er få korps som kan seie at dei har ein så distinkt profil som MML. Dette er korpset eg alltid har mest glede av på konsertar, blant anna på grunn av repertoarvalg, uttrykksevne, vilje og ikkje minst gleda dei har, og gleda dei ynskjer å dele. Manger har MOT til - og sannsynlegvis glede av - å ta på seg samfunnsoppdraget med å spele og bestille nyare musikk. #LydenAvUnge er jo eit teikn på dette, då Manger brukte 100-års jubileet sitt som ei anledning til å sjå opp og rundt seg, i staden for berre å feire seg sjølv. Ein ser det og på NM-repertoaret deira og ikkje minst BrassWind-festivalen. På denne måten finn ein kanskje nokre skjulte skattar som kan bringast fram til dagens lys, som ***** av Neurohr, som dei siste åra verkeleg har vore i vinden etter at MML spelte det på NM. Manger Musikklag er difor ein bauta i den internasjonale brassband-beveginga som eg er utruleg stolt over å kunne seie at er frå øya mi. Manger har då naturlegvis vore nær meg i oppveksten, og har forma meg og min musikalitet. Det er difor ein ære og ein glede å få arbeide saman med dei og skrive eit verk til BrassWind-festivalen 2025.

BrassWind-festivalen og Manger Musikklag gratulerer Arian med stipendet. Me gler oss til å jobbe saman dei neste månadene og til å framføre musikken på BrassWind 2025!