Hilde Marie Holsen
Composer

Hilde Marie Holsen

Hilde Marie Holsen er ein norsk komponist og musikar som arbeider i skjæringsfeltet mellom akustisk og elektronisk lyd. Praksisen hennar bygger bru mellom samtidsmusikk, jazz og eksperimentell musikk, og utvidar trompetens uttrykksregister gjennom improvisasjon og elektronisk lydbehandling. Ved å bearbeide trompeten gjennom live-elektronikk skapar ho omsluttande komposisjonar som kombinerer ein akustisk trompetklang med teksturale og ambient lag av lyd.

Holsen har mellom anna gitt ut tre soloalbum, der ho sjølv står som utøvar, komponist og produsent: Ediacara (2023), Lazuli (2018) og Ask (2015), alle til gode kritikkar i både norsk og internasjonal musikkpresse. Som utøvar har Holsen spelt på ei rekke festivalar og scener i inn- og utland, mellom anna Sonic Acts (NL), Ultima, Oslojazz, Borealis, Radio France, både som soloartist og saman med musikarar og grupper som Holsen&Cassiers, Silent Fires, Bilayer, Gro Marie Svidal, Ewa Jacobsson og Ensemble Contrechamps, Mariam Gviniashvili, Maja S.K. Ratkje, Ensemble Musikfabrik.

Som komponist har Holsen dei siste åra utmerka seg ved å skrive for kjende, internasjonale ensemble som Ensemble Contrechamps (CH) og Ensemble Musikfabrik (DE), med tingingsverk for mellom andre Ultima, Borealis og inaGRM. Soloalbumet Ediacara vart nominert til «Årets verk 2025» av Norsk Komponistforening.

For meir info: www.hildeholsen.com