Clinic med Hilde Marie Holsen

Hilde Marie Holsen med trompet og elektronikk
Sunday, 27 September 2026 at 12:30
Åsane kulturhus

Hilde Marie Holsen er ein norsk komponist og musikar som arbeider i skjæringsfeltet mellom akustisk og elektronisk lyd. Praksisen hennar bygger bru mellom samtidsmusikk, jazz og eksperimentell musikk, og utvidar trompetens uttrykksregister gjennom improvisasjon og elektronisk lydbehandling. Ved å bearbeide trompeten gjennom live-elektronikk skapar ho omsluttande komposisjonar som kombinerer ein akustisk trompetklang med teksturale og ambient lag av lyd.

Holsen har mellom anna gitt ut tre soloalbum, der ho sjølv står som utøvar, komponist og produsent. Som komponist har Holsen dei siste åra utmerka seg ved å skrive for kjende, internasjonale ensemble som Ensemble Contrechamps (CH) og Ensemble Musikfabrik (DE), med tingingsverk for mellom andre Ultima, Borealis og inaGRM. Soloalbumet Ediacara vart nominert til «Årets verk 2025» av Norsk Komponistforening.

Det er lov å ta med eige instrument og vere aktiv med, men det er ikkje noko krav for å vere med. Clinicen er GRATIS!

Programme

The programme is not available.