#lydenavunge 2024

Published 8 January 2024
Lyden av unge logo

#lydenavunge vil i 2024 gjerast om frå ein komposisjonskonkurranse til ei stipendordning. Vi inviterer ungdom opp til 24 år til å sende inn søknad om å motta stipendet på 30 000 kr. Stipendet skal nyttast til å komponere eit musikkstykke for brass band. Det vil verte framført av Manger Musikklag under BrassWind-festivalen 2024. I tillegg til stipendet tilbyr BrassWind veiledning undervegs av erfarne komponistar og høve til å prøve ut enkelte ting med Manger Musikklag undervegs i skriveprosessen.

I 2024 har undertegnede tatt i mot oppdraget med å veilede ein utvalgt stipendiat. Eg har erfaring med slikt arbeid tidlegare, samt at eg vil kalle meg sjølv den mest erfarne norske brass band komponisten i dag. Bunkevis av verk for brass band dei siste 35 åra, mange av dei komponert for dei beste korpsa i Europa, kan vera ein av referansane.
Om akkurat du vert valgt ut, møtast vi enten fysisk eller via ZOOM. Eg mottar eit førebels partitur/skisse i forkant av avtalte møter og så diskuterer vi dette.
Eg ser for meg minimum to møter før partitur og stemmer leverast til Manger Musikklag.

― Torstein Aagaard-Nilsen

Måla for prosjektet er

  • stimulere ungdom til å skrive for brassband.
  • bidra til kreativitet og skaparglede på tvers av musikalske skiljelinjer
  • få fleire unge komponistar fram i lyset.
  • få fleire nye stemmer til korpsrørsla.
  • flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre
  • motivere ungdom til å halde fram i korpsmiljøet

Reglement

  • Søknadsfrist 1. februar 2024
  • Frist for levering av partitur 1. august 2024
  • Øvste aldersgrense for å delta er 24 år, født i år 2000 eller seinare
  • Må vere norsk statsborgar
  • Medlemmer i Manger Musikklag kan ikkje delta
  • Dette skal vere eit verk for brassband på maksimalt 10 min.
  • Verket skal ikkje ha vore framført tidlegare

Søk her!